For eit svin, for ein utstudert pervertert djevel i menneskeham.
Dr. Maximillien Aue, hovudperson Jonathan Littles siste bok “De Velvillige”, er tysk nasjonalsosialist, medlem av SS og til de grader inhuman… og human. Ein spesiell og fargerik karakter eg ikkje på nokon måte kan sammenligne med andre karakterar i mitt referansespekter.
Denne radbrekkaren av ei bok kan kjølne den ivrigaste leselyst med sin imponerande storleik. Godt over 900 tettskrevne sider. Neste bok Little skriv vil nok vere kortare, når han innser at kortare bøker gjev fleire sjekkar og fleire vener som faktisk har orka å lese boka..
Eg er ikkje ferdig, halvveges! Eg strid over sidene, redd for å sjå ned på begge sider. Ned i ein djup og mørk avgrunn. Fell eg ned er eg redd eg misser noko av meg sjølv og min menneskeligheit. Nesten ivertfall. Boka riv og slit, den overraskar og opplyser. Spekka med referansar til store litterære verk og flust med tyske fraser. Sjå bakerst i boka for hjelp dersom du er opplyst om dei tyske millitære grader, direktorater og utrykk.
Dette er ei bok med ambisjonar om å bli ein klassikar. Det trur eg den skal klare uten store vanskligheitar.
Les den! Det skal ivertfall eg.