Sidan mitt firma er eit altmuligfirma. Så er den generelle regelen at eg ikkje kan sei nei til noko som helst. Uansett i kva grad det viser seg å vere rart. Så lenge det er godt nok betalt, eller fører til nytt arbeid.
Det er den bittelille forhistoria på korleis eg endte opp med å vere modell for eksamen for sminkehøgskulen. Eg vart litt smigra, til eg skjønte kva oppgava var: drag-queen.
Her skal det seiast at det ikkje er eit poeng å likne på ei dame, men å likne på ein mann som har kledd seg ut som ei dame. Drag.
Neste gang reise eg på byen og ser om eg får napp.
Kva bringer neste eventyr?
